Vil verken betale tvangsmulkt eller asfaltere – støvplaga naboar fortvilar

Olivin-sjef Robert Welsvik og fortvilt olivin-granne Sindre Kvangarsnes.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Steinsvik Olivine søkjer Volda kommune om fritak frå tvangsmulkt om dei ikkje asfalterer anleggsvegen i Steinsvika. Bedrifta hevdar vidare at framleis grusveg både er meir miljøvenleg og tryggare enn asfalt.