Køyrde i autovernet

Bilen fekk hard medfart, men føraren var uskadd.  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheiter

Politiet melder om ei trafikkulykke ved Hornindalsvatnet 2. påskedag, og skriv på Twitter: "Kjøsstranda, Volda Kl. 1220, meldt om trafikkuhell, einsleg køyretøy køyrde i autovernet. Ingen personskade. Manuell dirigering på staden til bilbergar har fått fjerna køyretøyet."

- Føraren var åleine i bilen og melder seg uskadd etter hendinga, trass store materielle skadar, skriv Fjordingen.

Utrykkingsleiar for brannvesenet i Hornindal, Ståle Hatlelid, fortel at bilen køyrde i autovernet 300 meter søraust for Kjøshammartunnelen.

Det var slapseføre på vegen.