Her skal det nyttast mobilt knuseverk

Melsgjerdet: Aurstad Tunnel har totalentreprisen på VØR sitt anlegg på Melsgjerdet. Arbeidet er i gang.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt Aurstad Tunnel AS løyve til å nytte mobilt knuseverk ved Melsgjerdet industriområde.

Løyvet gjeld frå 24. mars og fram til 31. desember i år.

- Løyvet omfattar regulering av vatn til sedimentasjon, støy og støv frå midlertidig knuseverk med uttak og produksjon av pukk, grus og singel av om lag 30 000 tonn reine massar ved gnr. 45 bnr. 12 i Ørsta kommune, skriv Statsforvaltaren.

Det er ikkje tillate å ha utslepp av støv. Vatn frå aktiviteten skal ledast til sedimenteringsbasseng, og vatnet skal der infiltrerast til grunnen. Vatten skal ikkje ledast vidare til Ørstaelva.