Alle skal få tilbod om høgfartsbreiband innan 2025

– 5G er ein ressurs med store verdiar

Regjeringa har sett seg som mål at alle norske husstandar og verksemder skal få tilbod om høgfartsbreiband innan utgangen av 2025.

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Cathrine Hofstad Helleland (H) set eit nytt ambisiøst mål om raskt internett til heile befolkninga i Noreg. Her under ein spørjetime i Stortinget i november i fjor.   Foto: Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Nyheiter

Ved utgangen av 2020 hadde 90 prosent av innbyggjarane i Noreg tilbod om høgfartsbreiband. Det målet vart sett i 2016 – og er no nådd.