Ukjend smittekjelde i Hareid

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Sunnmørsposten Ein person er isolert og seks personar er i karantene etter at det blei stadfesta nytt smittetilfelle på Hareid i dag 4. april. Smittekjelda er førebels ukjend, melder Hareid kommune søndag.



Den smitta blei testa laurdag etter ha å fått symptom på luftvegsinfeksjon. Vedkomande, som er fast busett i Hareid kommune, er sett i isolasjon.

Dei fire nærkontaktane som bur i Hareid er alle husstandsmedlemmar med den smitta. Dei sit no i karantene. I tillegg er det to nærkontaktar i smittekarantene annan stad i landet.

Nærkontaktane i Hareid kommune blir testa søndag.

Smittesporing pågår framleis for å finne potensielle personar som må i ventekarantene.

– Det er ei teoretisk sjanse for at smitten kan koplast til eit anna tilfelle, men denne teorien er usikker på grunn av tidsperspektivet. Sidan vi på noverande tidspunkt ikkje veit sikkert kva som er smittekjelda, ber vi alle om å vere ekstra nøye med å halde smittevernreglar og -råd, skriv kommunen.