Ny smitta i Ulstein – ukjend smittekjelde

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ulstein kommune melder søndag at ein person busett i Ulstein har testa positivt for korona.



Smittekjelda er førebels ukjend.

Personen har tretten nærkontaktar som hittil er sett i karantene.

Fleire nærkontaktar blir kontakta, og det er førebels uvisst kor mange som må i smittekarantene på grunn av dette smittetilfellet.