Høie forlengar dei strenge korona-tiltaka

Helseminister Bent Høie.  Foto: ANNIKA BYRDE

Nyheiter

Dei nasjonale koronatiltaka vert forlenga frå 12. til 14. april, opplyser helseminister Bent Høie (H).





– Vi gjer dette fordi vi har behov for å få meir kunnskap og data om korleis smitteutviklinga har vore gjennom påska, seier Høie til NRK.

Like før påske vart det innført blant anna skjenkeforbod, karantenehotell etter unødvendige utenlandsreiser, råd om maks to på besøk og en ny tometersregel på nasjonalt plan.

– Vi veit at det vil vekke reaksjonar på stader der det knapt har vore smittetilfelle, men vi må gjere dette. Vi ser at den engelske virusvarianten dukkar opp på stader det knapt har vore smitte tidlegare, seier helseministeren.

Forlenginga skal gje Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet betre grunnlag for å vurdere vidare nasjonale tiltak framover.