Får midlar til betre tilkomst

Raudøya: Ørsta kommune skal sikre betre tilkomst til Raudøya.   Foto: Frank Velle/Arkiv

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt Ørsta kommune 110.000 kroner for å sikre betre tilkomst til Raudøya. Miljødirektoratet tildelte fylkeskommune i overkant av tre millionar kroner til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde. Det er av denne tildeling Ørsta kommune no får midlar.

Kommunen har planar om ny flytebrygge ved Raudøya. Tilskotet er for 2021.