11 nye smitta i regionen påskeaftan

Koronatesting  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Sunnmørsposten Det vart meldt om elleve nye smittetilfelle på Nordvestlandet påskeaftan.

Etter fleire dagar utan fleire nye smitta melde Stad kommune om eit nytt tilfelle på Nordfjordeid. Vedkomande har allereie vore i karantene, sidan han var nærkontakt av ein som hadde blitt bekrefta smitta tidlegare.

Vidare baud påskeaftan på tre nye smitta i Ålesund, to i Giske, to i Sula og tre i Fjord kommune.