– Vi skal vere best i landet! - seier saunagutta

– I påska er det fullt trykk. Får vi godkjent ei lenging av brygga vil vi kunne tilpasse tilbodet betre.

Vil utvide: Sæbø fjordsauna ønsker å forlenge den eksisterande flytebrygga med tjue meter og utvide tilbodet sitt. F.v. Alexander Riise Olsen, Jesper Bergmann Olsen og Tommy Riise Olsen. 

Nyheiter

Det er fire år sidan at ein gjeng kameratar gjekk saman om å bygge ein eigen fjordsauna på Sæbø. Inspirasjonen kom frå Sørenga i Oslo, og på det tidspunktet var det Oslo og Sæbø som hadde eit saunatilbod på fjorden. Grunntanken var at eit slikt tilbod ville vere kjekt for ungdomsmiljøet, i tillegg til fastbuande og tilreisande. Mange lass med ved frå lokale bønder har gått med sidan saunaen vart sjøsett og opna dørene. På sosiale medium har besøkande frå heile verda publisert stemningsfulle bilete frå Hjørundfjorden og saunabesøket. Tysk tv har brukt saunaen i ein tv-serie og Visit Norway hadde Sæbø fjordsauna i opningssekvensen av reklamefilmen «The most spectacular saunas in Norway».