Nye smitta i Ålesund, Stad og Sande

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Torsdag kveld fekk Stad kommune prøvesvar som viste at to personar i Selje har testa positivt for covid-19.



– Personane har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta personar innanfor husstandane. Det er ikkje nye nærkontaktar. Prøvesvar viser også at ein person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid onsdag. Også denne personen har vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta. Det er tre nærkontaktar innanfor familien, skriv kommunen i ei pressemelding.

Ålesund kommune opplyser torsdag kveld at de har fått melding om tre nye smittetilfelle. Dei var allereie i karantene og var nærkontaktar til tidlegare smitta.

– 50 personar er no i isolasjon. Talet på nærkontaktar er fallande fordi nokre av skuleklassene no er ute av karantene. Det er ikkje påvist smitte hos fleire skuleelevar inn mot påske, opplyser kommuneoverlege Olav Mestad.

I Sande vart det rapportert om eitt nytt smittetilfelle torsdag kveld.

– Smittekjelda er kjent og relatert til eit smittetilfelle som vart meldt tidlegare i veka. Den smitta sit i isolasjon og smittesporing er fullført. Nærkontaktane har anten allereie testa seg eller skal testast fredag. Vi har førebels ikkje noko informasjon om at dette er eit mutert virus.