Nye smittetilfeller i Ålesund, Sande, Ulstein og Hareid

Koronatesting   Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Onsdag kveld meldte Ålesund kommune om tre nye smittetilfelle. Alle tre er nærkontaktar til personar som tidlegare har påvist smitte av koronaviruset, og alle var i karantene.

Tysdag vart det oppdaga eit smitteutbrot i Sande kommune. Fire personar testa positivt for covid-19. Onsdag kveld opplyste kommunane to nye smittetilfelle. Det eine smittetilfelle er nærkontakt med ein tidlegare smitta. Det andre smittetilfelle har ikkje avklarte smittekjelde.

Tysdag meldte Hareid kommune om to smittetilfelle. Det er sannsynleg at den eine personen er smitta annan stad i landet, skriv kommunen på nettsida si. Den andre smitta har ikkje nærkontaktar og smitten stammar frå utbrotet i Fjord kommune.

Ein person i Ulstein kommune har og testa positivt for covid-19.

– Personen har arbeidsplassen sin i Herøy, difor skriv Herøy kommune om det. Det er sett i gang smittesporing med utgangspunkt i arbeidsplassen, og i morgon føremiddag vil dei halde fram arbeidet med smittesporing av alle nærkontaktane. Herøy kommune skriv at smittekjelda er identifisert og isolert, skriv Vikebladet Vestposten.

Stad kommune melder at det ikkje har vore nye positive testar i kommunen.

- Onsdag kveld har ein fått svar på alle 25 prøver tatt på Nordfjordeid og 12 av 18 prøver tatt i Selje tysdag. Det er så langt ikkje meldt om nye positive prøver.