Tysdag kjem nytt vaksinescenario

Elleve prosent av den norske befolkninga har fått minst éin dose av koronavaksinen. Det er litt lågare enn dei nordiske naboane våre.

Førebels har mange kommunar mykje større vaksinekapasitet enn det er behov for. Det oppdaterte vaksinescenarioet som Folkehelseinstituttet legg fram tysdag, vil fortelje meir om når til dømes vaksinesenteret i Bærum blir fylt opp med vaksinemottakarar og helsepersonell.   Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Nyheiter

Måndag hadde vel 615.500 nordmenn fått minst eitt stikk med koronavaksine i armen.

Ifølgje det nøkterne vaksinescenarioet som Folkehelseinstituttet (FHI) publiserte 12. mars, skal alle vaksne få tilbod om ein første vaksinedose innan midten av juli. Tysdag legg FHI fram ein oppdatert versjon dette scenarioet.

– Det skal komme ein oppdatert vaksineplan til veka, sannsynlegvis tysdag. Men det kjem nok ikkje store, dramatiske endringar, sa overlege Are Berg ved FHI laurdag.

Berg påpeikar at det har vore ei rekkje forseinkingar, og at det vil komme nye. Vaksinescenarioa til FHI er baserte på at mengda med vaksine Noreg får, veks mykje i månadene framover. Der det fram til veke 11 var distribuert 596.000 dosar av Pfizer-Biontech-vaksinen i Noreg, er det venta leveransar av 580.000 dosar berre i april, dersom FHIs planar slår til. I tillegg er det venta auka leveransar av andre vaksinar.

Danmark flyttar fram sluttdatoen

I Danmark har Statens Serum Institut rekna ut at 11,8 prosent av befolkninga har fått den første vaksinedosen. 6,3 prosent er fullvaksinerte, ifølgje SSI. Måndag oppdaterte Sundhedsstyrelsen sitt scenario , der dei spår at heile den vaksne befolkninga skal vere ferdig vaksinerte i veke 29 – altså innan 26. juli. Det er ei veke tidlegare enn den opphavlege planen.

I Sverige skreiv Folkhälsomyndigheten fredag at 12,6 prosent av den svenske befolkninga har fått minst éin dose. Landet hadde som mål å få vaksinert heile den vaksne befolkninga i første halvår i 2021, men det målet avlyste vaksinekoordinatoren i landet, Richard Bergström, laurdag.

– Det kjem til å ta litt lengre tid før alle er fullvaksinerte, men kanskje fem millionar personar er fullvaksinerte ved halvårsskiftet, sa Bergström i SVT-programmet Helgstudion.

Han reknar likevel med at alle har fått den første dosen i juni.

Finland: utset andre dose

I Finland har så mykje som 15,1 prosent av befolkninga – nesten éin av seks – fått den første vaksinedosen, men til gjengjeld har berre 1,6 prosent fått den andre dosen, skriv det finske folkehelseinstituttet THI.

Dette kan ha samanheng med vaksinestrategien i landet. I februar fortalde TV 2 at finnane set vaksinedosane med tolv vekers mellomrom heller enn seks veker, som er tilfelle for dei fleste vaksinane i Noreg. Den finske vaksinekalenderen legg opp til at heile den vaksne befolkninga skal vere fullvaksinerte innan utgangen av året.

Også dei to nordiske øystatane har komme godt i gang. Styresmaktene på Island skriv at om lag 45.000 personar har fått minst éin dose. Det er om lag 12 prosent av befolkninga, og landet reknar med å vere ferdig med å vaksinere den vaksne befolkninga over sommaren. Færøyane har vaksinert 11 prosent av befolkninga.