Postive koronaprøver i Ålesund - negative i Stad

Koronatesting  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Måndag kveld har Ålesund kommune fått stadfesta smitte. Tre barn og unge som har vore i karantene er smitta opplyser kommunen.

– Det er stadfesta eit nytt smittetilfelle relatert til utbrotet ved Blindheim ungdomsskole. Vedkomande var allereie i karantene og familien i ventekarantene. Det er til no påvist smitte hos tre elevar ved Blindheim ungdomsskole.

I Stad kommune fekk dei svar på 20 prøver måndag.

– Alle prøvesvar er negative. Måndag er det tatt 17 prøver i Selje og 45 prøver på Nordfjordeid. Prøvesvar er venta tysdag kveld. Stad kommune oppfordrar framleis alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.