FHI-topp: Epidemien kan ha snudd

Epidemien ser ut til å ha snudd, men biletet er veldig ustabilt, ifølgje overlege Preben Aavitsland ved FHI. Han ventar fullvaksinering innan slutten av juli.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet (FHI) seier at koronaepidemien ser ut til å ha snudd.   Foto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK

Nyheiter

Det er svært ulik smittesituasjon i ulike delar av landet, forklarer Aavitsland overfor VG.

– Enkelte område på Austlandet, som bydelar i Oslo og Drammen, har smittetrykk på høgd med dei verste landa i Europa. Samtidig har dei fleste stader i Noreg nesten ingen tilfelle.

Smittetrenden i Noreg synest å ha flata ut. Etter ein rask vekst i byrjinga og midten av mars, har talet på nye koronasmitta stabilisert seg på om lag 1.000 nye tilfelle per døgn.

Overfor NRK kjem Aavitsland med ei anna god nyheit: Han trur alle over 18 år vil ha fått moglegheita til å bli fullvaksinert innan august månad.