Nytt tilfelle av Covid-19 påvist i Stryn

Det vart seint onsdag kveld stadfesta eit nytt tilfelle av koronavirus i Stryn.

Testing: Koronatesting i telt ved luftvegsklinikken i Visnes Industripark.   Foto: GUNNHILD SINDRE, Fjordingen

Nyheiter

Fjordingen Dette er ei kjent nærkontakt til smitta person på Mo og Øyrane skule i Sunnfjord, opplyser smittevernlege Marius Solbakken.

Eleven har vore i isolasjon sidan vekomande kom til Stryn, og utløyser difor ingen nye nærkontaktar.

Smitten på Mo og Øyrane skule har kjent smitteveg til Stad kommune, opplyser smittevernlegen i Stryn.

Denne saka vart først publisert i Fjordingen