Ytterlegare sju smitta i Stad

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Stad kommune melder at ytterlegare sju personar har fått påvist koronasmitte.¨


Berre Lørenskog har høgare smittepress

Nær 90 koronasmitta i Stad - nummer 2 på smittetoppen


Tre av dei smitta bur i Nordfjordeid, og fire er heimehøyrande i Selje, og alle er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta.

Ein av dei smitta er tilsett ved Leikanger barnehage og kan ha vore smittsam på jobb fredag 19. mars. Alle born/tilsette på den aktuelle avdelinga er sett i karantene og vert testa onsdag. Husstandsmedlemmer er sett i ventekarantene. Etter ei samla vurdering blir Leikvang barnehage stengt til og med fredag 26. mars.

På grunn av utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus, vil ein del av resultata frå testing måndag først vere klare onsdag. Dette gjeld om lag 30 av 100 prøver tekne i Selje måndag.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.