Over 1.100 yrkesskademeldingar etter koronasmitte

Nav har fått yrkesskademeldingar frå over 1.100 personar som har slite med koronasmitte, melder NRK.

Sjukepleiarar har stått i frontlinja og vore særleg utsett for smitte under koronapandemien.   Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Nyheiter

850 av dei jobbar direkte med helse og omsorg. Sjukepleiarar utgjer 400 av dei.

– Vi hadde i utgangspunktet ikkje noka forventning om talet, men når det har vorte som det har vorte, er det forventa ut frå smittesituasjonen i samfunnet elles, seier seniorrådgivar Jens S. Mykland i Nav.

Det har komme 40 meldingar frå tilsette på skular.