Ti nye smittetilfelle i Stad - to i Ålesund

Ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Til saman er det laurdag kveld påvist ti smittetilfelle etter at det er kome svar på 273 av 316 prøver tatt fredag. Dei siste 43 prøvesvara vil vere klare søndag kveld, opplyser Stad kommune i ei pressemelding laurdag kveld.

To barn på fyrste trinn ved Selje skule og eitt barn i Selje barnehage fått påvist smitte. Alle desse var i karantene.

Fem andre nærkontaktar i Selje har også fått påvist smitte laurdag kveld. Alle desse var i karantene fordelt på to ulike husstandar med tidlegare påvist smitte.

– Éin person i Selje har fått påvist covid-19 etter å ha testa seg på grunn av symptom fredag. Denne personen var ikkje i karantene, men kartlegging viser ei sannsynleg kopling til eit miljø med påvist smitte. Alle nye nærkontaktar vert sett i karantene laurdag kveld og testa søndag. Laurdag kveld viser resultata også at ein nærkontakt på Nordfjordeid har testa positivt på andre test i karanteneperioden. Smittetilfellet er ikkje kopla til skule eller barnehage, heiter det i pressemeldinga.

Ålesund kommune fekk to nye smittetilfelle laurdag. Situasjonen er uavklart og det vert arbeidd med smittesporing.

– Kommunen har sett krisestab, og rundt hundre er i karantene. I tillegg kjem mange fleire i ventekarantene, heiter det i ei pressemelding.