Gladmelding: Ingen fleire smitta i Volda vgs-utbrotet

Koronatesting  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder fredag ettermiddag at teststasjonen har fått negative prøvesvar på 69 elevar og tilsette på Volda VGS. Denne testen er tatt over 7 døgn etter siste kontakt med den smitta, og dei er no ute av karantene.







Men framleis sit det 46 elevar og tilsette frå Volda VGS i karantene i Ørsta og Volda kommune. Dei fleste av desse vart testa fredag. og får truleg svar i løpet av morgondagen.

-Vi kryssar fingrane for at alle testar negativt, skriv Volda kommune.