Ingen nye koronatilfelle i Volda - ungdommen får ros

Det er ikkje meldt om nye koronatilfelle i Volda. No får ungdommen ros.

Koronatesting  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Per onsdag var det sidan måndag testa 627 personar for koronavirus i Ørsta og Volda. Torsdag er det mange av nærkontaktane til tilfellet som vart meldt 12. mars som skal ta andre test.

– Kriseleiinga i Volda har hatt møte i dag og kan konstatere at vi har vore heldige, heiter det frå Volda kommune.

Kriseleiinga rosar eleven som gjorde akkurat det han/ho skulle.

– Eleven vart sjuk, heldt seg heime og tok test. Ungdomane og andre som har vore i relasjon til dette smittetilfellet har alle gjort ein framifrå innsats, seier kriseleiinga.

Tala på gjennomførte testar viser at folk er flinke til å teste seg, meiner kriseleiinga.

– Særskilt no når det er mykje smitte i samfunnet. Vi ynskjer å oppmode om at folk unngår unødige reiser og har få nærkontaktar (dette er også eit nasjonalt råd). Før gjerne dagbok over kven du har vore i lag med. Husk å halde avstand og ha reine hender, heiter det frå kommunen.

Ordførar Sølvi Dimmen fortel til Møre-Nytt at det framleis er uklart kva virustype det er snakk om. – Hurtigtestane viste at det anten var det sørafrikanske eller det brasilianske. Så er det Folkehelseinstituttet som tek den endelege analysen. Det kan ta tid, og det kan gå fleire dagar og veker før vi får svar. Andre stader med meir smittetrykk enn oss vert prioritert for slike analysar, seier Dimmen.

Det er ikkje hundre prosent sikert slått fast kva som er smittevegn til det smittetilfella i Volda førre veke.

– Hovudteorien er at nokon har kome med smitten inn tilområdet, men at vedkomande ikkje har vore direkte nærkontakt med nokon av dei som er smitta. Det viser kor smittsamt dette viruset er, seier Dimmen.