Fem nye smittetilfelle i Stad

Ordførar Alfred Bjørlo fortel om fem nye smitta i Stad kommune.  Foto: Arkiv Sunnmørsposten

Nyheiter

– Prøvesvar onsdag kveld viste at til saman fem nye personar har fått påvist smitte etter testing tysdag. Tre av desse personane var allereie i karantene på grunn av kjent kontakt med tidlegare smitta, og desse tre smittetilfella utløyser ingen nye nærkontaktar. Dei to andre tilfella er personar som testa seg ved Selje legekontor tysdag på grunn av symptom, opplyser ordførar Alfred Bjørlo i Stad kommune i ei pressemelding.



Smittetilfella kan truleg koplast til utbrotet på Nordfjordeid og til eit smittetilfelle i Selje.

– Desse to nye tilfella utløyser til saman ca. 15 nærkontaktar. På grunn av ei utvida kartlegging tysdag kveld, vart mange av desse nærkontaktane sett i karantene allereie tysdag kveld og testa onsdag. Husstandsmedlemmer til alle nærkontaktar er sett i ventekarantene.

– To born i familien til ein av dei to nye smitta i Selje, er vurdert å kunne vere smitta. Begge borna går i Selje barnehage, og dei kan då ha vore smittsame inn i avdelingane dei går i tysdag og måndag. Born og tilsette i desse to avdelingane i Selje barnehage er sett i karantene og vert testa torsdag. Husstandsmedlemmar til borna/dei tilsette er sett i ventekarantene i påvente av negativt svar på testen.

Kommunen opplyser at eit større tal personar vart testa på bakgrunn av symptom på sjukdom tysdag. Alle desse testane var elles negative.

Tysdag rapporterte kommunen om åtte nye smittetilfelle.