Onsdag: Nytt smittetilfelle i Ørsta

Koronatesting  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder onsdag morgon:

«I går kveld fekk vi melding om eit nytt positivt tilfelle av covid-19. Vedkomande var sett i karantene og testa i samband med smittetilfelle meldt 15.mars. Fire nye nærkontaktar er sett i karantene og vil bli testa.

Vi har fått opplyst frå laboratoriet i Molde at smittetilfellet frå 15.mars truleg dreier seg om britisk mutasjon.

Det er no 5 personar som er bekrefta smitta og i isolasjon i Ørsta kommune."


Kommuneoverlegen i Ålesund etter fem nye smittetilfelle

- Smitten spreier seg raskt til område som har hatt lite smitte