Ingen fleire positive prøver i Volda

Koronatesting.  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune har ikkje fått meldt fleire positive prøveresultat.

– Prøvasvara kjem inn heile døgnet og det vil bli lagt ut oppdatering så snart vi kan om det kjem inn nye positive prøvesvar, melder kommunen på sine heimesider.

Kommunen melder at faren for fleire positive svar ikkje er over.

– Vi har mottatt negativt prøvesvar på dei alle fleste av første runde med testar på nærkontaktane til tilfella som var meldt 12. og 13. mars. Det betyr at vi har nådd igjen smitterekkja, men ikkje at faren for at fleire blir positive er over.

– Nærkontaktane som er i karantene skal testast igjen på dag 7. Dersom dei held seg friske og den andre testen er negativ, og dei i tillegg er symptomfrie, kan dei avslutte karantenen. Om dei får symptom, skal dei testast med ein gong. Husstandsmedlemmane skal då vere i karantene til det er avklart om symptoma skuldast koronainfeksjon.