246 testa seg laurdag

Travel dag på teststasjonen i Hovdebygda laurdag  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Det er hittil registrert 246 testa personar i Ørsta-Volda laurdag. Hittil denne veka er det testa 1036 personar i Volda og Ørsta, opplyser Volda kommune i si oppdatering laurdag kveld.

-Alle som skal i karantene vert oppringt, informert og dei får tilbod om test. Husstandmedlemmane til nærkontaktane vert sett i ventekarantene til det er svar på første testen. Dei som har testa seg i dag vil truleg få svar på testen i morgon, står det i ei pressemelding

Volda kommune fekk melding om eit nytt smittetilfelle fredag kveld

- Det er uvisst om det er mutert virus. Smittesporing pågår og nærkontaktar vert kontakta og sett i karantene, skreiv Volda kommune i ei pressemelding fredag kveld.

Smittetemaet i Volda og Ørsta har ein omfattande jobb med smittesporing etter utbrotet knytt til Volda vidaregåande skule.

- Vi testar elevar og tilsette i klassene på Musikk, dans og drama. Medium og kommunikasjon på Volda vgs. og andre som var på Ørsta kulturhus onsdag. Dei som blir rekna som nærkontaktar vil bli kontakta og sett i karantene, skreiv kommunen i ei pressemelding laurdag formiddag.