Hytte til hytte i påska ikkje tilrådd

Påsketur frå hytte til hytte blir ikkje tilrådd i år sidan det inneber betydeleg auka risiko for smittespreiing.

Regjeringa kom fredag med nye anbefalingar knytt til påska.  Foto: Erik Johansen

Nyheiter

Helseminister Bent Høie (H) og justisminister Monica Mæland (H) la fram råd og reglar for påskeferien fredag, på dagen eitt år etter at regjeringa først innførte strenge smitteverntiltak.

– Sjølv om reiser til fritidseigedommar i Noreg ikkje blir sett på som nødvendige, kan folk dra på hytta i påska viss dei tek ekstra smittevernomsyn. Vi tilrår då å gjere innkjøpa på førehand, unngå kollektivtransport viss det er mogleg og å halde avstand til andre, seier Høie.

Han tilrår at folk har færre kontaktar enn vanleg, og at møte og aktivitetar skjer utandørs.

Dette er tiltaka og råda

Regjeringa presenterte tiltak og råd for påskeferien. Dei gjeld frå og med onsdag fram til 7. april.

* Det blir sterkt tilrådd at alle held seg innanfor Noreg og ikkje reiser utelands i påska.

* Alle som kjem heim frå unødvendige fritidsreiser til utlandet, må på karantenehotell fram til dei har framvist negativ test, tidlegast på dag tre.

* Folk som får unntak og kan følgje vanlege karantenereglar, er dei som har vore på arbeidsreiser, og dei som må gjere andre sterkt nødvendige reiser, som å delta i gravferder og besøkje alvorlege sjuke familiemedlemmer.

* Hald deg heime viss du er sjuk, og ikkje dra nokon stad viss du er i karantene eller ventar på testsvar.

* Kjem du frå ein kommune med høg smitte og strenge reglar, må du òg følgje desse reglane der du held til påska.

* Unngå fleire enn ti kontaktar i veka.

* Unngå besøk av meir enn fem personar.

* Personar som ikkje kjem frå same husstand, må halde minst éin meters avstand.

* Det blir ikkje hytteforbod, dersom ein er påpasseleg med smittevern. Unødvendige reiser skal unngåast.

* Gjer innkjøp heime før du dreg på hytta.

* Unngå kontakt med andre menneske på reisa og under opphaldet.

* Unngå kollektivtransport viss mogleg.

* Ein kan reise på hotell innanlands, men må halde avstand til andre gjester.

* Personar som kjem frå kommunar med høgt smittenivå, bør ikkje reise på hotell eller andre overnattingsstader der mange samlast.

* Overnattingsbesøk blir rådd mot.

* Barn og unge under 20 år og åleinebuande kan ha overnattingsbesøk av éin eller to faste venner.

* Vel helst påskeaktivitetar som går føre seg utandørs, der smitterisikoen er minst.

* Unngå serveringsstader og andre stader der det lett kan finnast trengsel og er vanskeleg å halde ein meters avstand til andre.

* Ein kan besøkje alpinanlegg, men unngå trengsel og følg smittevernreglane.

* Ein kan dra på gudstenester og religiøse samlingar der ein bur, men samlingar med personar frå ulike kommunar blir rådd mot.

* Alle påskeråda kan ein lese om på regjeringa.no.

* Helseministeren Bent Høie (H) tilrår alle å laste ned smittestoppappen før påskeferien.