To med mutert virus i Ørsta

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta fekk i dag, onsdag, melding om to positive tilfelle av covid-19.

Ørsta kommune skriv i ei pressemelding i 16-tida onsdag ettermiddag at smittekjelda førebels er ukjend.

- Det er stadfesta at det er mutert virus, men ikkje kva for mutant det er snakk om. Ein av dei smitta har vore i Vartdal barnehage. Nærkontaktane vil bli kontakta og sett i karantene. Smittesporingsarbeidet er i gang. Vi vil kome tilbake med meir informasjon så fort vi har betre oversikt, skriv Ørsta kommune i ei pressemelding.