Korona på Vartdal

Stenger barnehage og skule

- No er det viktig å ha låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege Marte Vaage Øie(t.v.). Her saman med Johanne Ressem på teststasjonen i Hovdebygda.   Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Barnehagen og skulen på Vartdal vert stengt torsdag etter at to personar på Vartdal har fått påvist korona. I barnehagen er ei avdeling og ein del tilsette definert som nærkontaktar.

– Det er ikkje smitte på skulen. Men skulen har sjølv avgjort at dei vil stenge og ha heimeundervisning i morgon. Og på barnehagen er det mange som er i karantene, og den vert difor stengt, seier kommuneoverlege i Ørsta Marte Vaage Øie.


Ho og hennar stab har onsdag arbeidd med smittesporing.

– Det er 30–40 nærkontaktar, som alle skal teste seg i løpet av torsdag. Og vi reknar med å få svar i løpet av dagen.

– Det er alt klart at dette er eit mutert virus. Korleis veit de det alt no?

– Våre testar vert analyserte ved laboratoriet på Molde, og dei har utstyr som gjer at dei kan oppdage mutert virus i løpet ein dag. Det har dei ikkje ved Haukeland, der prøvene frå Stad vert analyserte. Her tek det fleire dagar. Men vi veit enno ikkje om det er det sørafrikanske eller det britiske muterte viruset, seier Marte Vaage Øie.

- Korleis ser du på sjansane til å få kontroll over utbrotet?

- Vi har klart å få kontroll på tidlegare utbrot. No er eg spent på kor mange andre som er smitta, og det veit vi altså ikkje før i løpet av torsdagen.

- Korleis har dei to blitt smitta?

- Det veit vi ikkje førbels, men vi har mistankar.

Kommuneoverlegen seier at dei som er smitta har gjort alt rett.

– Eg vil rose dei fordi dei testa seg, og har handla rett etterpå. Dermed kan vi no sette i gang smittesporing. Vi har sett at det er stadig færre som testar seg, noko vi har vore uroa for, seier kommuneoverlegen.

Ho har denne oppmodinga til folk i Ørsta.

– Det er viktig at det no er låg terskel for å teste seg. Vi har god kapasitet på teststasjonen i Hovdebygda. Og om de er noko folk lurer på kan dei ringe koronatelefonen.