Verste talet på eitt år

100 koronasmitta fører smitten vidare til 133 personar

Koronatesting.  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Sunnmørsposten Ikkje sidan mars 2020 har kvar koronasmitta ført smitten vidare til så mange.

Folkehelseinstituttet melder onsdag at det såkalla R-talet har auka til 1,33 – det høgaste talet sidan mars 2020.

Det betyr at 100 koronasmitta gjev viruset vidare til 133 personer.

Sist veke vart det meldt om 3.960 nye tilfelle av koronasmitte. Det er nesten ei dobling (96 prosent) sidan for to veker sidan.

Auken skuldast delvis at langt fleire no testar seg. I førre veke testa 33 prosent fleire seg, i alt 155.146 personar på landsbasis. Men dette forklarar neppe auken i kor mange kvar nysmitta fører smitten vidare til.