Etter påvist mutant-virus

«All organisert trening på Vartdal vert innstilt straks»

Leiar i Vartdal Turn- og idrettslag, Jon Helge Bjørndal.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Leiar i Vartdal Turn- og idrettslag, Jon Helge Bjørndal, skriv onsdag kveld:

«All organisert trening inne og ute, SKAL avlysast med øyeblikkelig virkning. Det grunna påvist koronatilfelle på Vartdal. Forbodet gjeld til lokale myndigheiter opnar for dette att».

Bjørndal la ut denne meldinga på sosiale medier etter at Ørsta kommune seint onsdag ettermiddag kom med ei pressemelding om at det er påvist to tilfelle av smitte av mutert korona i Ørsta kommune. Ein av dei smitta har vore i Vartdal barnehage.

Kommunen driv smittesporing, og mange vert sett i karantene.