Tek høgde for mutert og svært smittsamt virus

Utbrot i Stad kommune – åtte har fått påvist koronasmitte i helga

Koronatesting  Foto: Illustrasjon arkiv

Nyheiter

Sidan fredag har Stad kommune drive smittesporing i samband med påvist smitte med covid-19. Gjennom dette arbeidet er det til no påvist til saman åtte personar med covid-19-smitte i kommunen. Seks av dei smitta er i same husstand. I tillegg er eit smittetilfelle i Stryn kopla til utbrotet, skriv Stad-ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding seint søndag kveld.

Ukjent smitteveg

Det er framleis uklart kva som er opphavet til smitten og smittevegen er dermed ukjent. Det vert gjort analysar for å kartlegge om det kan dreie seg om ein mutert virusvariant, og svaret vil kome ein av dei neste dagane.

Kommunen tek høgde for at det kan dreie seg om ein mutert og svært smittsam virusvariant, og ein har i første fase vore liberal med bruken av karantene og testing.

To klasser og barnehage-avdeling i karantene

Blant dei smitta er elevar i to av klassane ved Nordfjordeid skule og eit barn i Golvsengane barnehage. Desse tre borna er frå same husstand. Alle borna i dei to skuleklassane og den aktuelle barnehageavdelinga er definert som nærkontaktar og vert sett i karantene.

Kommunen kontaktar søndag kveld føresette til dei barna dette gjeld. Barna vil verte testa måndag og svar på denne testen vil ligge føre tysdag kveld. Alle som er i same husstand til borna, er også bedne om å vere i karantene til negativt testresultat for barnet ligg føre. Same prinsipp om «ventekarantene» er også nytta omkring andre nærkontaktar i samband med utbrotet så langt.

Alle elevar ved vaksenopplæringa ved LA-bygget på Nordfjordeid er sett i karantene på grunn av ein smitta i elevgruppa der. Alle desse er testa søndag. Også her er husstandsmedlemmar sett i «ventekarantene» til ein får negativt svar på test av den enkelte nærkontakten.

130 i karantene

Situasjonen med mogeleg mutert virustype og inntil vidare ukjent smitteveg, gjer at kommunen ber alle innbyggjarar ta ekstra omsyn i tida som kjem.

Kommunen vurderer no behovet for ytterlegare smitteverntiltak i kommunen. Desse vurderingane vil verte gjort i samråd med Folkehelseinstituttet.

Kommunen har så langt testa omkring 65 personar sidan fredag og omfattande testing held fram måndag. Søndag kveld er til saman omkring 130 personar i karantene. I tillegg kjem eit større tal husstandsmedlemmar som er i «ventekarantene» dei næraste dagane.