Ukjend smitteveg – to nye smitta i Stad kommune

Koronatesting.  Foto: Illustrasjon arkiv

Nyheiter

Sunnmørsposten Stad kommune melder at ytterlegare to personar har fått påvist korona-smitte. Dei to er nærkontaktar av personen som fredag fekk påsvist smitte utan kjend smitteveg.

Personen hadde verken vore på reise til område med høg smitterisiko – eller var nærkontakt med andre kjende smittetilfelle.

Fleire er sett i karantene, og prøver er sendt til Haukeland sjukehus for avklaring med tanke på evtentuelt muterte virustypar, og svar er venta i starten av veka som kjem.