Slik er vaksinesituasjonen i Ørsta

No får også folk i femtiåra vaksine i Ørsta

Ørsta kommune har vaksinert nok helsepersonell til at drifta av primærhelsetenesta er sikra.

Vaksinering av folk over 85 år  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Det melder Ørsta kommune på sine heimesider.

Denne veka kjem det 226 vaksinar mot covid-19 til Ørsta. Det er det same som føre veke.

– Det er 126 dosar frå Pfizer og 100 dosar frå AstraZeneca. Alle 126 Pfizer-dosane går til andre dose til prioriteringsgruppe 2: heimebuande over 85 år. AstraZeneca-dosane går i hovudsak til helsepersonell, men vi har også kalla inn nokre innbyggjarar frå prioriteringsgruppe 5: alder 55–64 år med underliggande sjukdomar, heiter det i meldinga frå kommunen.

Til no har 747 personar i Ørsta fått første vaksinedose, av desse er 314 fullvaksinerte.

– Vi har vaksinert nok helsepersonell til at drifta av primærhelsetenesta er sikra, og vel difor å byrje vaksinering av gruppe 5. Koronavaksinen frå AstraZeneca vert tilrådd personar under 65 år utan særleg høg risiko for alvorleg sjukdom og til helsepersonell. Personar over 65 år og med høg risiko for alvorleg sjukdom må difor vente til vi får fleire dosar frå Pfizer vaksinen, heiter det frå kommunen.

Det blir vaksinering både torsdag og fredag på Ørsta kulturhus denne veka.