42 personar sett i karantene i dag

Mutert koronavirus i Sula – nærkontaktar i sju kommunar

Koronatesting.  Foto: Illustrasjon arkiv

Nyheiter

Onsdag fekk Sula kommune meldt om eit nytt smittetilfelle med koronavirus. Det er stadfesta at personen er smitta av den britiske mutasjonsvarianten, melder Sunnmørsposten.





Denne nye smitta av mutert korona er nærkontakt til ein person som vart meldt smitta i Ålesund kommune tysdag, og smittevegen er dermed kjent, skriv kommunen.

Dette er sjette eller sjuande tilfellet av mutert koronavirus som er påvist i Ålesund og omegn sidan 18. februar.

Ved dette siste tilfellet er 42 nærkontaktar sett i karantene som følge av smittetilfellet. Desse nærkontaktane er fordelte på heile sju kommunar.

To skuleklasser ved Borgund videregående i Ålesund kommune er mellom dei som har hamna i karantene.

- Det er no svært viktig at alle reduserer talet på nærkontaktar, og har lav terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege i Sula Marianne Bjerkevåg.