Medieutanninga i Volda markerer 50-årsjubileum i heile 2021

– I år kan medieutdanningane i Volda feire 50 år, noko vi vil feire heile året til ende, seier Gunnar Strøm på nettsida til Høgskulen i Volda.

– Ingen annan høgare utdanningsinstitusjon i Norge har utdanna så mange profesjonelle mediefolk i eit så breitt spekter som Høgskulen i Volda, konstaterer medielærar-veteran Gunnar Strøm.  Foto: Høgskulen i Volda.

Nyheiter

Strøm er stolt veteran og lærar på media i Volda heilt sidan 1984. I jubileumsåret flyttar medieutdanningane inn i eit flunkande nytt mediebygg som vil stå klart til jubileumshelga i oktober.

– Fram mot jubileumshelga 30. september – 2. oktober vil vi på høgskulen sine nettsider publisere glimt frå arkivet, videoar og intervju med noverande og tidlegare studentar. Eg trur at inga anna bygd i heile verda er så omfattande dokumentert med film, video, radio og foto dei siste 50 åra som Volda, seier Strøm på nettsida.

Merkevare

Sidan Møre og Romsdal distriktshøgskule tok i mot sine første mediestudentar i 1971, har medieutdanningane i Volda vakse og utvikla seg til å bli mellom dei største i landet og ei viktig merkevare for Høgskulen i Volda.

– Ingen annan høgare utdanningsinstitusjon i Norge har utdanna så mange profesjonelle mediefolk i eit så breitt spekter som Høgskulen i Volda. Medieutdanningane i Volda er framleis i front som den største og breiaste medieutdanninga i landet. Kvar dag ser dei tilsette på Avdeling for mediefag gjennom ulike norske media tidlegare studentar frå Volda. Dei har alltid vore dei viktigaste ambassadørane våre, seier Gunnar Strøm.

Starten

I jubileumsskriftet «Mot alle vindar. Mediefag i Volda 1971-96» skriv Bjarte Alme at det i august 1970 vart halde eit seminar i Volda der temaet var faginnhaldet ved den komande distriktshøgskulen i Volda. På seminaret var det mange som tok til orde for ei utdanning i mediefag, og i oktober vart det sett ned ei plannemnd for ei journalistutdanning der Jostein Fet var sekretær. Medlemmene i nemnda var Ivar Grimstad, Joachim Rønneberg, Steinar Opstad og Per Torsvik. Konsulentar for nemnda var Svein M. Kile, Gunnar Skirbekk, Anita Werner, Trygve Ramberg – og truleg fleire vi i ettertid ikkje har oversikt over.

Det nye mediehuset.  Foto: Høgskulen i Volda.

Og til hausten tek Høgskulen i Volda altså i bruk eit splitter nytt mediebygg som er tilpassa ei medieutdanning for framtida. Bygget skal huse alle dei mediefaglege utdanningane, 500 mediestudentar og femti tilsette.