Koronasmitten mot nye høgder

Koronatesting.  Foto: Illustrasjon arkiv

Nyheiter

Her i landet kunne vi det siste døgnet notere oss for 729 nye koronatilfelle, og det er det høgaste daglege smittetalet på nær to månader. Dette melder NRK.

Det er hovudstaden som også no er hardast utsett, og enkelte bydelar som Stovner, Alna og Grorud har no eit enormt smittetrykk.

Stovner toppa lista, med 480 tilfelle per 100.000 innbyggjarar på ei veke.

Om smittetrykket hadde vore like høgt i Ørsta-Volda – som til saman har vel 21.600 innbyggjarar – så hadde vi kvar veke hatt om lag hundre nye korona-tilfelle.