Tredje tilfelle av mutert korona påvist i Ålesund

Koronatesting.  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Søndag kveld sende Ålesund kommune ut ei pressemelding der dei fortalde om at nok eit tilfelle av mutert koronavirus var påvist i Ålesund. Det er den britiske mutasjonen det er snakk om.

Frå før har to personar fått påvist mutert koronavirus i Ålesund. Dette skjedde i førre veke, og dei to smittetilfella var uavhengige av kvarandre. Og begge var på besøk i Ålesund, den eine frå Viken.

Det nye smittetilfellet er nærkontakt til ein av desse.

Smittevegen er kjend, og smittesporing av nærkontaktar er gjennomført. Alle nærkontaktar er sett i karantene, opplyser kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg i pressemeldinga frå Ålesund kommune.