Ålesund: Jobbar intenst med smittesporing etter fem tilfelle av mutant-korona

Koronatesting.  Foto: Illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ålesund kommune melder måndag at dei jobbar intenst med smittesporing etter tilfella av mutert virus, fortel Sunnmørsposten.

Kommuneoverlege Olav Mestad seier til Sunnmørsposten måndag ettermiddag at sidan det er påvist britisk mutert virus, har smittesporinga vore litt meir omfattande og femna fleire enn vanleg.

Totalt fem personar har fått påvist mutert virus:

Det er påvist smitte hos to personar i eine utbrotet og tre personar i det andre utbrotet.

Alle dei smitta har vore i karantene medan dei har hatt symptom.

Ein har likevel smittespora og varsla personar som har vore til stades ved Barnas lekeland, Restaurant Milano, Bybadet og Arena Overøye i Stordal i dagane før symptomstart, om å teste seg.

Ved det andre utbrotet har det vorte sendt ut SMS til nokre som har trent ved Aktiv Trening Breivika i perioden 24. og 25. februar om å teste seg.

Alle som har testa seg etter desse varsela har så langt negative.

Det er til saman 19 nærkontaktar som skal testast på nytt komande dagar.

- Vi kan alle bli ramma av dette, og dei nye mutantane av koronavirus kan smitte lettare enn det vi har vore vande til, også før ein får symptom. Det er viktig at alle reduserer sosial kontakt, fylgjer smittevernreglane og testar seg ved symptom eller når ein har vore i ein risikosituasjon, seier kommuneoverlege Mestad i ei pressemelding.