Koronaen i Noreg på frammarsj igjen – ny mutert korona i Ålesund

Koronaen er igjen på frammarsj.  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Koronasmitten er igjen på frammarsj i Noreg. Talet på nye registrerte smitta i Noreg torsdag var heile 551, og det er høgaste talet på ein og ein halv månad. Det melder NRK.

Og det som kanskje er endå meir urovekkjande, er at så mykje som ein tredjedel av dei nysmitta er smitta av dei nye, muterte – og meir smittsame – korona-variantane.

Både helsedirektør Bjørn Guldvog, helseminister Bent Høie og Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet uttrykkjer sterk bekymring for situasjonen. Og i hovudstaden har det ikkje vore registrert så mange nysmitta sidan 19. november – altså for tre månader sidan.

Og frå Ålesund melder Sunnmørsposten om eit bekrefta tilfelle av mutert virus - ber folk teste seg om dei har vore på følgande stader: Barnas Lekeland i Spjelkavik: 20.2 kl. 14:30- kl. 16:30, Bybadet i Ålesund i tidsrommet: 21.2 kl. 10.30 – kl. 13.00, Stordal Alpinsenter i tidsrommet: 22.2 kl. 12.00 – kl. 15.00 (avgrensast til personar som har vore inne i varmestova og inne i lokala for utleige av ski), Stordal Alpinsenter i tidsrommet: 23.2 kl. 12.00 – kl. 13.00 (avgrensast til personar som har vore inne i varmestova og inne i lokale for utleige av ski) – og Cafe Milano i Spjelkavik i tidsrommet: 21.2 kl. 20.00-22.00.

Personen som har fått påvist mutert korona var tilreisande frå Viken og har returnert til heimstaden. Ålesund kommune blei informert om dette torsdag.

Ein av nærkontaktene til vedkomande har no utvikla symptom. Og har vorte testa. Testsvar er førebels ikkje klart, men ein har sterk mistanke om at vedkomande er smitta. Vedkomande er i nær slekt til den smitta og også han er heimehøyrande i Viken.

I perioden før vedkommande fekk symptom var vedkommande i kontakt med fleire personer. Førebels er 14 personar sett i karantene.