Uavhengig av førre tilfelle

Endå eit mutantkorona-tilfelle i Ålesund

Ålesund kommune melder om at nok ein person har fått påvist mutert korona.

Koronatesting.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Olav Mestad, smittevernoverlege i Ålesund kommune, seier til Sunnmørsposten at dette tilfellet er uavhengig av tilfellet som vart meldt om på torsdag, der personar heimehøyrande i Viken hadde vore på besøk i byen.



Men også denne smitta er ein person som er på besøk i Ålesund. Og kommunelegen seier til Sunnmørsposten at den nye smitta skal ha hatt berre to nærkontaktar i Ålesund.

Vedkomande skal ha kome til byen måndag.

Etter at personen kom til Ålesund, har eit medlem av husstanden til personen, busett på Austlandet, fått påvist smitte. Mestad seier personen sette seg sjølv i karantene måndag.

Den reisande skal ha meld seg for testing, og fekk bekrefta smitte torsdag kveld. Han er sett i isolasjon.

Nærkontaktane vert testa i dag, fredag.