Frustrasjon over treig vaksinering

- Det er heilt uråd å seie når folk vert vaksinerte, det er rein gambling

– Min frustrasjon er at vaksineringa går altfor seint. No håper vi på ein flaum av vaksinar.
Nyheiter

Det sa ordførar Stein Aam (Sp) då levekårsutvalet onsdag fekk ei orientering om vaksinesituasjonen i Ørsta.

Det var ei orientering om at Ørsta har stor kapasitet, men der vaksinane knapt kjem.

Det var seksjonsleiar Kristin Vik i seksjonen for helse og velferdstenester som hadde orienteringa.

Ho fortalde at Ørsta denne veka vaksinerer dei som er 83 år. Kommunen er ferdige med å vaksinere dei som bur på institusjonar. All vaksinasjon skjer no på Ørsta kulturhus.

– Det er ei krevjande øving. For vi veit ikkje kor mange vaksinar vi får frå veke til veke. Det vert endringar på kort varsel.

Denne veka får vi til dømes ingen nye dosar. Det er vaksinar berre til andre gongs vaksinering, fortalde Vik.

No skal dessutan kritisk helsepersonell få vaksine. Det er på veg hundre AztraZeneca-vaksinar.

– Vi prioriterer dei med kritiske funksjonar fyrst. Men kva vi får neste veke, det veit vi ikkje. Er vi heldige, får vi hundre nye vaksinar til helsepersonell, fortalde Vik.

Kommunen har rigga seg til for massevaksinering. Når meldingane om leveransar kjem, vert alle som skal vaksinerast ringt til. Dei fleste tek i mot tilbodet.

– Problemet er at sjølv om vi er rigga for massevaksinasjon, får vi ikkje nok vaksinar til massevaksinering. Det er heilt uråd å seie når folk vert vaksinerte. Det er rein gambling. Vi er klare til å mobilisere meir folk til vaksinasjonen – viss vi skulle få meir vaksinar, orienterte Vik om.

I tillegg til eige personell, får kommunen hjelp av Småjobbsentralen og folk frå Røde Kors. Desse hjelper m.a. til med observasjonen etter at folk har teke vaksinen. Folk skal vere i ro i minimum tjue minutt etter vaksinen for å sjekke at det ikkje er biverknader.

Politikarane i kommunen deler frustrasjonen over at vaksineleveranse kjem seint og smått.

– Vi er fleire ordførarar som no har gått saman, og der vi klart seier at sentrale strok ikkje skal få vaksinane fyrst. No håper eg på ein flaum av vaksinar, men det går veldig seint, sa ordførar Aam.