Vil byggje Rotlaus-hus på garden

Bjørn-Marius Øyehaug på tunet i Follestaddalen.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Bjørn-Marius Øyehaug - sjefen for eit av landets mest populære band - har søkt om løyve til bygging av eit hus nummer to på garden i Follestaddalen. I tillegg er det søkt om å sette opp ny driftsbygning, produksjonslokale for verksemda Rotlaus AS og vidare drift av jordbruksareal., - og endra bruk av ein del av eksisterande driftsbygning.

Plan for utnytting av nybygg er 50/50 fordelt mellom jordbruk og Rotlaus - og det same gjeld for eksisterande driftsbygning.

Det omsøkte området ligg i kommuneplanen sitt LNF-område sone C, der det er fastsett følgjande føresegn:

«Innanfor desse områda kan det berre gjevast løyve til bygging og frådeling i samband med tradisjonell stadbunden næring som har direkte tilknytning til landbruket.»

Ørsta kommune har kommentert søknaden i ein epost til Statsforvaltaren, og skriv:

«Oppføring av fritidshus kan tillatast, men berre på svært strenge vilkår og dersom sektormynde ikkje har merknader.»

Vidare skriv kommunen at nokre av dei registrerte viltområda i høve Viltregisteret til Fylkesmannen ligg i denne sona, at tomta ligg innanfor eit kjerneområde for landbruk i høve produksjonsareal, at tunet ligg innanfor NGI sitt aktsemdområde for snø- og steinskred frå 1989, - og at det i SEFRAK-registret er registrert ei meldepliktig bud frå 1800-talet i tunet.

Men buda kjem ikkje i direkte konflikt med tiltaka, og skredfaren er ikkje verre enn at arealet oppfyller krava til tryggleik.

Det kjem vidare fram i søknaden:

"Føremålet med søknaden er å leggje til rette for eit ungt par å etablere seg i bygda og i kommunen samstundes som ein opprettheld drift og vedlikehald av jordbruksarealet på garden. Grunnlaget for søknaden er eit nært føreståande generasjonsskifte og ynskje om å halde arealet ved like, samt nytte dette til framtidsretta drift. I tillegg til bustadhus, ynskjer neste brukar, Bjørn-Marius Øyehaug å satse på å nytte noko av arealet og eksisterande driftsbygning for si veletablerte næringsverksemd, noko som igjen genererer arbeidsplassar og sysselsetting i bygda og kommunen. All overskotsmasse i samband med opparbeiding av tomt for bustadhus og driftsbygning/ produksjonslokale vil verte nytta til å dyrke, planere ut eksisterande jordbruksareal i tilknyting til garden framfor å verte køyrd vekk. Dette gir gevinst både i form av utnytting og miljø."