Joakim (24) frå Ørsta med god start som eigedomsmeklar

- Vi er ekstremt heldige som har Joakim hos oss

– Eit hus er noko av det kjæraste, og ofte det dyraste enn eig. Difor synest eg det er viktig å bruke god tid på det før eit sal.

Hardtarbeidande: Joakim byttar gjerne ut dressen med treningskle når han først har fri. Her på Saksa saman med sambuar Edel Lovise Skurtveit. Foto: Privat 

Nyheiter

Når Joakim Wiik Bjerknes i 2017 skulle velje utdanning, var han slett ikkje sikker på kva det skulle verte av han. Men til slutt landa valet på eigedomsmekling, etter å ha fått ein smakebit av yrket på vidaregåande. No har han fått ein pangstart i bransjen og er spådd ei lovande framtid.