Skal granske rettstryggleiken ved bruk av tvang mot utviklingshemma

Statsforvaltaren skal sjekke tvangsbruken mot utviklingshemma i Volda.  Foto: Illustrasjon Sunnmørsposten

Nyheiter

Statsforvaltaren varslar Volda kommune om at dei vil gjennomføre tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor personar som har ei utviklingshemming i Volda kommune.

Tilsynet vil bli gjennomført april, og Statsforvaltaren har rett til innsyn i opplysingar som er underlagt teieplikt.

I tilsynet skal ein undersøke om tenesteytinga blir gjennomført med minst mogleg bruk av tvang og makt, og om naudsynt bruk av tvang og makt skjer i samsvar med reglane.

Det vert informasjonsmøte, intervju med tilsette, gjennomgang av tilleggsdokumentasjon, samtale med kommunedirektør og oppsummerande møte. I etterkant av tilsynsbesøket vil kommunen få et utkast til rapport frå tilsynet. Kommunen vil då få høve til å kommentere fakta som ligg til grunn for Statsforvaltaren sine vurderingar.