No kan folk med lesevanskar få pensum på lyd

NLB (Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek) har fått utvikla Noregs fyrste talesynteserøyst spesiallaga for nynorsk. Med talesynteserøystene kan studentar med lesevanskar få pensum på lyd.

Med talesynteserøystene frå NLB kan studentar med lesevanskar få pensum på lyd. Bokteksten kan dei fylgja parallelt på skjermen.   Foto: NLB

Nyheiter

NLB tilverkar og låner ut lydbøker og bøker i punktskrift til menneske som har vanskar med å lese visuell tekst. Mange av NLB sine lydbøker blir tilverka med talesyntese, ei kunstig røyst som gjer digital tekst om til tale. For fyrste gong er det no utvikla ei nynorsk talesynteserøyst med vestnorsk tonefall, og ho har fått namnet Hulda.

– Då vi gjekk ut med anbod på utviklinga av dei nye talesynteserøystene vurderte vi sjølvsagt pris, og vi var redde for at vi måtte nøya oss med éi røyst som kunne brukast til å lese begge målformene. Som statleg verksemd meiner vi det er sjølvsagt at vi må ha ei skikkeleg nynorskrøyst også, seier Mari Myksvoll i NLB i ei pressemelding.

–I dag er vi glade for at valet fell på å få utvikla to ulike røyster: Clara, som les bokmål med austlandsk tonefall, og Hulda som les nynorsk med vestnorsk tonefall. Dette gjer nok at Hulda verkar litt meir naturleg, sjølv om ho framleis er ei kunstig røyst.

NLB har fått utvikla Hulda for å kunne gje lånarane sine eit betre tilbod og er nøgd med å vera fyrst ute med å presentere ei nynorsk røyst med vestnorsk tonefall.

Det lydlege grunnlaget for røysta er lesen inn av skodespelar og forfattar Ane Barmen og har fått namn etter Hulda Garborg (1862-1934). Garborg jobba for Det Norske Teatret og var blant anna ei eldsjel i målsaka.

– Vi valde ein innlesar med vestnorsk dialekt, som ofte er assosiert med nynorsk. Dette gjev eit anna inntrykk enn når talesynteserøyster med austlandsk tonefall les nynorsk tekst, seier Myksvoll.

NLB sitt oppdrag er å bidra til at menneske med funksjonsnedsetjingar som gjer det vanskeleg å lese visuell tekst og vanlege bøker, kan delta i samfunnet på line med andre. Aviser, tidsskrift og studielitteratur for studentar ved universitet, høgskule og fagskule er produkt som blir laga med talesyntese hos NLB. Røystene kan også lesa opp teksten i e-bøker frå biblioteket.

– NLB nyttar talesyntese for å produsere fleire bøker raskare og meir effektivt. Aviser blir tilverka i løpet av natta slik at dei kan leverast ferske kvar morgon. Med dei nye røystene får lånarane betre produkt og meir naturleg opplesing, heiter det i pressemeldinga.