No har helsestasjonen flytta inn her

Helsestasjonen er no på på plass i det nyrenoverte helse og velferdshuset  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter


No er helsestasjonen på plass i dei nyrenoverte lokala i Dalevegen 24, rett ved legesenteret.

Sidan sommaren 2019 har helsestasjonen halde til i Trico-bygget i Kyrkjegata.

Friskliv

I tillegg til helsestasjonen, skla ergo, fysio og friskliv og heimebasert omsorg (HBO) samlokaliserast i bygget.

Helsestasjonen held til i første etasje (gateplan) saman med ein del behandlingsrom til ergo/fysio/friskliv.

Underetasjen inneheld for det meste kontor til ergo/fysio/friskliv med eigen personalinngang. HBO skal halde til i tredje etasje. Der er det også felles garderobar, pauserom og møterom for tenestene i bygget.