Vinterferien: Regn, regn og atter regn, men sola kjem på snarvisitt

Viss vermeldarane har rett, vert det mykje regn denne vinterferie-veka.  Foto: Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

Nyheiter

Det er meldt fuktig ver og ein del nedbør denne veka, men ifølgje vermeldingstenesta Storm skal sola dukke opp på fredag.

Men sjekk her: Yr melder om sol allereie i morgon tidleg, tysdag, før ho forsvinn i horisonten.

Folk som er leie av å skrape bilar kan slappe av: Det er meldt plussgrader heile veka, opptil ti grader.

På Bondalseidet minkar snøen.

- Men vi held ope til mast sju. Det vil seie heile hovudtraseen, treningstraseen, i tillegg til familiebakken og parken. Vi har særs gode forhold takka vere den fantastiske snøproduksjons gjengen, heiter det på Ørsta skisenter si Facebook-side.