Desse korona-råda gir Ørsta kommune for vinterferien

Koronatesting teststasjonen Hovdebygda.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta og Volda kommunar har utarbeidd koronaråd for vinterferien

-Dersom du har vore på ferie eller er tilreisande frå eit område med høgt smittetrykk, kan det vere lurt å ta ein koronatest når du kjem til Ørsta eller Volda kommune. Dette gjeld spesielt dersom du har vore i kommunar med utbrot av mutert virus, heiter det på Ørsta kommune si heimeside.

- Dersom du ikkje har symptom kan du gjerne vente nokre dagar før du tek testen (utan at du treng å vere i karantene desse dagane), då det i gjennomsnitt tek 4 - 6 dagar frå ein er smitta til ein får symptom eller viruset kan påvisast. Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom eller har vore i kontakt med nokon med påvist smitte, bør du sjølvsagt ta ein koronatest så snart som råd. Dersom du har tatt ein negativ test og seinare får symptom bør du ta ein ny test, då testen kun viser eit augeblinksbilete, opplyser kommunen.

Ein er ikkje pålagt karantene dersom ein er tilreisande frå andre kommunar, men kommunane har følgande råd til dei som er tilreisande dei første 10 dagane etter at dei har kome til Ørsta eller Volda kommune:

- Ha få nærkontaktar og hald avstand til andre.

- Ikkje oppsøk stader der det er vanskeleg å halde avstand.

- Unngå besøk på sjukeheim, omsorgsbustad, eldre og folk i risikogruppene om du kjem frå kommunar med høgt smittetrykk eller strengare tiltak. Det vert gjort unntak ved alvorleg sjukdom og i livets sluttfase i samråd med institusjonen. Besøk på sjukeheimen må avtalast på førehand.

Så lenge ein kjenner seg frisk kan elevar gå på skulen, barn kan gå i barnehagen og ein kan gå på arbeid sjølv, med mindre arbeidsplassen har eigne retningslinjer etter innanlandsreiser.

Dersom folk har nyoppståtte luftvegssymptom, bør ein ta ein koronatest så snart som råd, og halde seg heime til ein kjenner seg frisk og har fått svar på testen.