Kommunegrensa stoppar idrettsaktivitet

- Volda og Ørsta er så samansveisa at det ikkje er noko hensikt å skilje dei

Volda-ordførar Sølvi Dimmen vil ta opp lokale koronareglar for idretten i Volda og Ørsta måndag.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Fredag la regjeringa fram nye nasjonale smitteverntiltak. I hovudsak har tiltaka blitt vidareført, men det har kom lette for barn, unge og studentar. For idretten kan barn og unge under 20 år trene og ta del i fritidsaktivitetar som normalt. Frå midnatt, natt til tysdag 23. februar, kan det bli arrangert idrettsarrangement og konkurransar for barn og unge frå same kommune. I idrettar som har nærkontakt, som til dømes handball og fotball, må alle deltakarane i ein konkurranse vere frå same kommune. Barn og unge som trenar med eit idrettslag i ein annan kommune vil kunne konkurrere med idrettslaget så lenge smittesituasjonane gir rom for det. I idrettar som ikkje inneber nærkontakt, som til dømes ski, kan konkurransane samle deltakarar frå idrettskretsen eller regionen.