Redd barna: Dei sårbare barna er ikkje berre eit koronaproblem

Sårbare barn og unge har vorte løfta fram under pandemien. Men i åra i forkant vart situasjonen deira verre, meiner Redd barna, som håpar satsinga varer.

Stengde skular og barnehagar under delar av pandemien har gjort fleire merksame på barns sårbare situasjon.   Foto: Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK / NPK

Nyheiter

– Vi har eit stort samfunnsproblem med mange barn og unge som av ulike grunnar er i sårbare situasjonar i livet, som ikkje vil forsvinne etter koronaen. Vi må tak i det underliggjande samfunnsproblemet i tillegg til at dei blir prioriterte under pandemien, seier leiar for Redd barnas noregsprogram, Monica Sydgård til NTB.